I Fremover 30. januar har Børre Nordmark frå Harstad eit innlegg, der han sprer kunnskapslaus desinformasjon om samane og dei rettane som samane skal ha ut frå ILO-konvensjonen. Han dreg også i tvil forsking som gir samane status som urfolk.

Til det siste først. Om ein les arkeologane sin konklusjon etter Sørøyautgravingane så seier denne det motsette av kva Nordmark hevdar. Konklusjonen seier at det er mest sannsynleg at det var samar som busette seg først her nord. Du finn nesten ikkje ein arkeolog eller ein historikar som avviser at samar eller forgjengarar til samar er urfolk på Nordkalotten. Om du går til andre kjelder, vil du også finne samar: Romerske krøniker, Tacitus` Germanica, fornaldersoger, Ottars beretningar, Snorre sine kongesoger, Saxo Grammaticus frå 1200-talet, for å nemne nokre av desse. Materiell tradisjon syner at det har vore samisk busetting på heile Nordkalotten like lenge, om ikkje lenger, som det har vore norsk, svensk, finsk eller russisk. Kor har Nordmark det frå at samane var eit nomadefolk som kom frå aust opprinneleg? Denne teorien har historikarane forlate for lengst. Dette kunne eg ha brukt meir plass på. Det får vere til ein annan gong.

ILO-konvensjonen

Så til ILO-konvensjonen: I ein dom i norsk Høgsterett av 21/6-2001, den såkalla Selbudommen, blir det uttalt at ILO-konvensjon 169, art.1, nr 1b utan tvil gir samane status som urfolk i Noreg, også i det sørsamiske området. I nr.1b står det ein definisjon av urfolk som ser slik ut:

”Folk i selvstendige stater som er ansett som opprinnelige fordi de nedstammer fra de folk som bebodde landet eller en geografisk region landet hører til da erobring eller kolonisering fant sted eller da de nåværende statsgrenser ble fastlagt, og som – uansett deres rettslige stilling – har alle eller noen av sine egne sosiale, økonomiske, kulturelle og politiske institusjoner”.

ILO-konvensjonen nr.169 av 1989 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar, tar sikte på å beskytte urfolk og stammefolk sine levesett og kultur ut frå desse folka sine eigne prioriteringar. Noreg skreiv under eller ratifiserte han i 1990, som første stat. Konvensjonen har 17 statar som partnar, mellom anna Danmark og fleire land i Latin Amerika. Sverige, Finland , Russland og USA har derimot ikkje skrive under. Kvifor har dei ikkje gjort det? Ein slik internasjonal avtale forpliktar. I Noreg har ILO-konvensjonen gjort at samane i dag har ei betre rettstilling enn i grannelanda. Mellom anna har reindrifta førsterett til utmarka(i teorien), fordi denne næringa må ha skikkelege areal, og samiske kulturminne skal vernast ut frå spesielle reglar. Språk og anna kultur skal få livsrett og vekse ved eigne tiltak, td. i læreplanar i skolen. Vi har fått seriøse og skikkelege utval, som Samerettsutvalet, med toppfolk innan jus, historie, frå kommunar, fylke og primærnæringar, som jobbar med å finne gode løysingar både ut frå ILO-konvensjonen, historia og lokale tradisjonar, for å hindre al vorlege konfliktar i framtida. Samerettsutvalet er leidda av høgsterettsjustitiarius Carsten Smith. Samane har også fått status som eige folk i den norske grunnlova. I desse dagar blir det lagt siste hand på ein nordisk samekonvensjon, som blir leidda av den same Carsten Smith. Tre regjeringar og tre sameting står bak dette arbeidet.

Samane og flagget sitt

I innlegget sitt sprer Nordmark den feilaktige bodskapen at allemannsretten skal vekk. Kor har han det frå? I Finnmarkslova står det ingenting om dette, og i det materialet som Samerettsutvalget har gitt frå seg blir det slått fast at allemannsretten er ein gammal rett som har røter i den eller dei kulturane som har vandra rundt i dette landet frå gammal tid, og må haldast ved lag. Det som står i Finnmarkslova er at næringsverksemnd skal ha føretrinn framfor hobbyjakt på storvilt, td.

Og kvifor vil samane ha sitt Sameting og flagget sitt? Alle folk har rett til å hevde seg som folk, og vise at dei er stolte av å tilhøyre dette folket. Dei fleste i Noreg er stolte av det norske flagget, og ein blir vel ikkje mindre stolt av det om samane får vise fram flagget sitt, med fargar som symboliserer den fantastiske naturen som er ikring folk i samiske område. OG Sametinget bidrar med å gjere det norske storsamfunnet enda meir demokratisk, i og med at samane, som utgjer langt, langt fleire enn 3.000 sjeler slik Nordmark hevdar, får vere med på å bestemme sin lagnad. At Sametinget trør feil i blant skal ikkje gjere at det skal leggjast ned? Kor mange gongar gjer ikkje andre demokratisk valde organ større eller mindre feil?

Å skjule etnisiteten sin

Nordmark ønskjer å skru tida tilbake til den tida då samane vart forbodne å bruke språket sitt, då kulturytringar var synd, og samiske næringar var i vegen for industrialisering, kraftutbygging og såkalla framsteg. Eit samfunn der mange samar har brukt eit heilt liv til å skjule etnisiteten sin, der mobbing var vanleg. Der det fanst lover som hindra samar å eige jord(Jordsalgsloven for Finnmark, vedtatt i 1902 og gjeldande til 1965). Han ønskjer seg ein umogleg stat i vår tid, der det berre finst eitt folk innanfor landegrensene. Den tida er heldigvis forbi. I dag er måla i alle fall for størstedelen av det politiske miljøet å inkludere nye landsmenn, og gi samane attende noko av det som er tapt eller svekka historisk. Nordmark sine betraktningar er gått ut på dato og heilt på jordet, dei er historisk og folkerettsleg galne. Dei er på historia sin skraphaug. Diverre kjem dette skrapet fram innimellom, godt hjelpe av partiet med det misvisande namnet Framstegspartiet.

Ole-Gunnar Leirvaag, leiar Rana Sameforening